Nettressurs for Norskboka vg2 yrkesfag finner du på norskboka.fagbokforlaget.no | Nettressurs for Intertekst påbygging vg3 finner du på intertekst.fagbokforlaget.no

KAPITTEL
4

«Dumperdronninga på demninga» – lag ein reportasje

S2 Jeg elsker jobben min_Side_1_s.jpg

Les reportasjen nedanfor om «dumperdronninga» Anette Døvik.

Spørsmål

  1. Kva er det Anette Døvik jobbar med? Beskriv jobben hennar.
  2. Kvifor valde ho dette yrket?
  3. Kva skil Anette frå andre ungdommar i dette yrket?
  4. Kvifor trivst ho i jobben sin?

Skriveoppgåve

Lag ein reportasje sjølv der du presenterer ein person i eit yrke du kan tenkje deg å jobbe i. Illustrer med bilete. Hugs ingress og mellomoverskrifter.

Dumperdronninga på demninga

Majestetisk og urnorsk strekkjer fjella i grått, brunt og grønt seg rundt Svartevann. Her, milevis frå byliv, ligg ti blå brakker som fire dagar i veka huser Anette Døvik (22) og resten av TT som byggjer demning.

– Det er jo veldig kontrastfylt, ei skikkelig guttejente i rosa, men eg berre elskar den fargen. Med «Girl Power» på frontruta og «Frk. Døvik» i rosa på sidedøra, er det liten tvil om kva dumpar på Svartevann som blir køyrd av Anette. Gjennom ruta skimtar vi ho, i førarsetet med neonrosa hjelm og rosa solbriller.

– Hjelmen var ei gåve. Truls og Kåre på verkstaden syntest eg burde ha ein rosa hjelm, og ein dag låg han innpakka i bobleplast på dumparsetet, forklarer ho. Og det meste går i rosa. Augeskugge, iPad, naglelakk.

– Ja, eg har rosa arbeidsbukse òg, sjølv om eg ikkje går med den i dag, forklarer Anette. Fire dagar i veka er Svartevann heimen for dumparkøyraren frå Vennesla. Med eige rom og bad er ikkje brakkelivet ille. – Her har ein alt ein treng. Eg stortrivst blant folka, og elskar jobben. Så sluttar vi kl. 16 på torsdagar, og eg kan dra heim for ei langhelg, fortel Anette.

Livet på brakka

Øvst i Sirdal ligg Svartevannsdammen. Bygd på 70-talet, og med eit volum på nesten 5 millionar m3. For å tilfredsstille nye tryggleikskrav må demninga oppgraderast, og ved hjelp av TT blir damkrona heva og skråninga forsterka med ein halv million kubikkmeter stein. Ved oppstart i 2011 etablerte TT-arbeidarane seg ved dammen. For Anette blei flytting opp til Svartevann ein brå overgang frå kvardagen.

– Eg hadde jobba for pappa i ei lita bedrift, og omtrent ikkje vore bortreist før. Så kom eg opp her, og det var ikkje telefondekning i brakkene ein gong, minnest ho.

– Men når vi slutta av for sesongen innsåg eg at det i grunnen var veldig greitt. Det hjelpte å få det litt på avstand. No er det heilt supert. Arbeidsdagen på Svartevann startar klokka 07, og sluttar i 20-tida. Lange dagar, men ein kan like gjerne jobbe når ein først er der oppe, ifølgje Anette.

Kveldane tilbringar ho i TV-brakka, røykebua, eller på toppen av dammen, for der er det dekning.

– Eg tek med Pepsi Max, mobilen og ein termos med varmvatn og nudlar opp på toppen, så blir det dekning og kveldsmat i same slengen, smiler ho.

Far som forbilete

Etter tiande klasse begynte Anette hos pappa, som dreiv Døvik Maskin NS. Å køyre traktor passa perfekt for ei rastlaus jente lei av skule og glad i å køyre. Nokre år etter blei Døvik-firmaet ein del av TT Anlegg. – TT har ein enorm maskinpark. Det er klart det er moro for ei som liker store maskiner, ler Anette.

– Eg er interessert i alt som har motor og kan køyre, så å jobbe her er jo å få halde på med hobbyen min.

Anette køyrer dumper, ein av dei største maskinene på anlegget. Mellom 30 og 40 gonger dagleg hentar ho stein i brotet, fraktar og tippar det ved dammen. Og det på ein verkeleg god måte, ifølgje kollegaene. Som verneombod er ho kontaktpunktet for dei tilsette når det gjeld HMS. Måla for arbeidsåra framover har ho klart for seg, og visjonen er å gjere som far.

– Pappa er mitt store forbilete. Eg har veldig lyst til å jobbe vidare i TT. Kanskje eg kan bli formann slik som han ein gong med tida, avsluttar ho.

Gevir kommunikasjon / Terreng nr. 1/2012 (oms. til nynorsk ved forlaget).