Nettressurs for Norskboka vg2 yrkesfag finner du på norskboka.fagbokforlaget.no | Nettressurs for Intertekst påbygging vg3 finner du på intertekst.fagbokforlaget.no

«Kjære skattefinansierte, homofobe prester» – les og skriv

S3 2_Homofilt par_ArrowStudio_shutterstock_35189614.jpg

Les innlegget av Jakob Sem Aasmundsen frå aftenposten.no (Si;D 15. april 2016).

Førlesing: Kva sak handlar lesarinnlegget om? Søk gjerne på nettet for å finne ut meir.

Spørsmål

  1. Forklar uttrykket «homo-reservasjonsrett» med eigne ord. Bruk døme frå teksten for å vise kva som er meint.
  2. Kva er formålet med teksten? Formuler hovudsynspunktet til forfattaren med 2-3 setningar.
  3. Kva meiner Amundsen med desse samanlikningane: «… bytt dette ut med at ekteskapet ikke skal være mellom svart og hvit, slik som i Sør-Afrika under apartheid. Eller mellom jøder og ikke-jøder, som i Hitler-Tyskland under andre verdenskrig.»
  4. Er det saklege samanlikningar? Grunngi svaret.

Oppgåver

  1. Kva gjer dette til eit typisk debattinnlegg? Peik på sentrale verkemiddel.
  2. Lag ein tabell med to kolonnar, ein for «logos» og ein for «patos». Finn døme på begge og set inn i tabellen. Er det brukt mest patos eller logos? Diskuter med ein medelev etterpå og forklar for kvarandre korleis de har tenkt.
  3. Skriv ditt eige lesarinnlegg om saka.