Rapport – eksempeltekst

Dato: 4. no­vem­ber 2014

Frå: Jan Olsen, Tømrar Vg2

Til: Faglærar Lars Tore Vik

Sak: Ut­plas­ser­ing i be­drift

I veke 43 og 44 var eg ut­plas­sert i bed­rif­ta Miljøbygg AS. Det­te er eit gan­ske nytt tømrarfirma. Det blei starta i 2012, og held til i Strand­vik. Fir­m­aet har fire til­set­te i til­legg til dagleg lei­ar, som er byggmeister Lars Vå­gen. Fir­m­aet tek man­ge uli­ke tømraroppdrag, men dei fles­te oppdraga dre­ier seg om å byggje om gam­le hyt­ter og hus. Dei fø­rer også opp ein del til­bygg på eld­re hus og hyt­ter. Dei før­s­te to da­ga­ne var eg med to av tømrarane som skul­le rive eit til­bygg på ei gammal hyt­te. Res­ten av pe­ri­oden var eg med det and­re tømrarlaget, som skul­le skif­te tak på eit hus.

Ar­beids­be­skriv­ing

Først reiv vi til­byg­get. Vi starta med å fjer­ne taksteinane frå den de­len vi skul­le rive. Der­et­ter be­gyn­te vi å fjer­ne tak­papp, gam­le lek­ter, sløy­fer og tak­bord. Det stø­va noko heilt forferdeleg, så vi måt­te gå med ver­ne­mas­ke heile tida. Vi måt­te også bru­ke hjelm. I lø­pet av to dagar had­de vi rive ned alt og køyrt bort rivningsmaterialane.

I res­ten av tida var eg med på å skif­te tak på eit eld­re hus. Det før­s­te vi gjor­de, var å setje opp eit stil­las som vi skul­le job­be frå. Det var vik­tig å sik­re det godt slik at det ikkje skul­le kan­te mens vi jobba frå det. Der­et­ter be­gyn­te vi på ta­ket. Vi måt­te først fjer­ne den gam­le pap­pen og alle spikrane som stod igjen. Et­ter­på skifta vi dei takborda som var ròtne, og byt­te dei ut med nye. Si­dan vi ikkje rakk å kle ta­ket med papp før­s­te da­gen, måt­te vi dekkje det med ein pre­sen­ning før vi gjekk heim. Da­gen et­ter la vi på tak­papp. Så la vi på sløy­fer og lek­ter.

Sløy­fe­ne blei fes­ta til tak­sper­re­ne, og så spikra vi fast lek­te­ne i sløy­fe­ne. Det er vik­tig at sløy­fe­ne ligg un­der lek­te­ne, slik at det blir luft­ing un­der ta­ket, og slik at even­tu­elt vatn kan ren­ne bort. Dei gam­le teglsteinane skul­le brukast om igjen på hu­set. Si­dan dei var litt ujamne og spe­si­el­le i måla, måt­te vi til­pas­se av­stan­den mel­lom lek­te­ne et­ter dei kortaste taksteinane. Til slutt fin­skar vi langs gesimsane.

Eg blei også med på å leggje på taksteinane igjen. Det tok leng­re tid enn eg had­de trudd, si­dan dei gam­le taksteinane var så ujamne. Vi måt­te jus­te­re ra­de­ne heile tida. Det sis­te vi mon­ter­te, var vind­sk­ier og vassbord.

Vur­der­ing

Eg føl­te at eg lær­te mykje nytt i ut­plas­ser­ings­tida. Det er før­s­te gong eg er med på å rive og re­pa­re­re gam­le bygg. Det var noko å lære både un­der riv­ings­ar­bei­det til å be­gyn­ne med, og da vi la nytt tak. Dei tømrarane eg jobba sam­an med, var flin­ke til å for­kla­re meg kva eg skul­le gjere, og eg fekk vere med på dei fles­te oppgåvene. Eg merkte at eg jobba mykje seinare enn dei, og eg trong ein del hjelp un­der­vegs. Det er tydeleg at eg ikkje er tre­na nok i det ar­bei­det eg gjor­de, men eg synest eg fekk til ein god del. Mot slut­ten av veka sa sje­fen at han var godt nøgd med job­ben eg had­de gjort.

Jan Olsen

(frå s. 90 i boka)