Skylappjenta – diskuter og skriv

Filmen Skylappjenta (2009) kan brukast som utgangspunkt for ein diskusjon om kulturmøte og kulturkonfliktar.

Filmen er laga av norsk-pakistanske Iram Haq og er ei moderne tolking av «Raudhette og ulven».

Før filmen:

Finn ut kva «skylappar» er for noko.

Spørsmål:

  1. Kva freistingar blir Skylappjenta utsett for? Kvifor er Skylappjenta heltinna i filmen? Kven er «skurkane»?
  2. Det står i læreboka på side 123: «Det er ikkje alltid at møte mellom ulike kulturar er like harmoniske eller like enkle». Korleis kjem dette fram i filmen?
  3. Finn du kritikk av innvandrertradisjoner i filmen? Korleis?
  4. Finn du kritikk av norske tradisjoner eller væremåter i filmen? Korleis?
  5. Odd Børretzen skriv i tekstsamlinga historia om «Min bestemor» (side 219). Samanlikn hans forhold til bestemor si med Skylappjentas forhold til si bestemor. Kva er likskapar og ulikskapar?

Skriveoppgåver:

Det står i læreboka på side 121: «Møtet mellom ulike kulturar har altså gått føre seg gjennom samarbeid og konflikt. Somme fryktar påverknad frå det framande. Men prosessen med auka globalisering kan likevel ingen stoppe.»

  1. Korleis kjem slik frykt for påverknad av det framande til uttrykk i samfunnet rundt deg? Korleis skal ein best motarbeide slik framandfrykt? Skriv ein drøftande tekst på ca. 750 ord. Bestem overskrift sjølv.
  2. Er det rett å dyrke tradisjonar og halde på sitt eige? Skriv ein kreativ tekst på ca. 750 ord. Bestem sjanger og overskrift sjølv.