«Nordiske språk» – innføringsfilm

Samanlikna med Danmark og Sverige har dialektbruk i Norgeg ei sterk stilling. I filmen høyrer vi om dialektmangfaldet og om bakgrunnen for at det finst to skriftlege variantar av norsk, bokmål og nynorsk.

Spørsmål

  1. Amie fortel at i Noreg er det stor toleranse for å bruke dialekt. Kvifor er det slik?
  2. Filmen viser at norske dialektar kan delast inn i fire hovudområde. Kva for område er det, og kva slags målmerke (kjenneteikn) kjem fram i filmen?
  3. Kan du finne typiske målmerke i scenen der dei bestiller hamburgar?
  4. Filmen handlar òg om norsk skriftspråk. Kva hendingar og utviklingstrekk ser vi på bileta mens Amie fortel?