Søknad – eksempeltekst

Jon Mag­ne Stein­sund
3480 Strand­vik                                                                               6.04.2014

Vi­ken re­stau­rant
3480 Strand­vik

Søk­nad på still­ing som restaurantmedarbeidar del­tid

Eg fann stil­lings­an­non­sen på nett­si­de­ne dykkar, og øns­kjer å søkje job­ben som restaurantmedarbeidar hos dykk. Eg vi­ser også til te­le­fon­sam­ta­le med kjøk­ken­sjef Per Sti­en i samband med det­te.

Namnet mitt er Jon Mag­ne Stein­sund, og eg fyl­ler 18 år om to veker.

Det er flei­re grun­nar til at eg øns­kjer å job­be hos dykk. Først av alt trur eg ein jobb i re­stau­ranten dykkar vil gi meg spen­nan­de ut­ford­rin­gar og sjanse til å ut­vik­le meg. Eg har all­tid likt mat­la­ging, og et­ter å ha gått eitt år på re­stau­rant og mat­fag har eg fått endå meir inn­blikk i det­te yr­ket. Eg trivst med å møte nye men­nes­ke, og trur eg vil ha mye po­si­tivt å bi­dra med både når det gjel­d kun­de­be­hand­ling og det å ska­pe eit hyg­ge­leg ar­beids­mil­jø.

I lø­pet av førre sku­le­året var eg ut­plas­sert fle­ire veker på Finns vegkro. Eg fekk ein all­si­dig er­far­ing frå både ar­beid på kjøk­ke­net og i ser­ver­in­ga, noko eg trur kan kom­me til nyt­te på Vi­ken re­stau­rant. Ikkje minst lær­te eg mykje om å hal­de or­den og å be­hand­le kun­dar. Eg snak­kar bra eng­elsk, og kan også gje­re meg for­stått på tysk.

Si­dan eg går Vg2 kokk og ser­vi­tør i år, pas­sar det vel­dig greitt at job­ben er på kvelds­tid og i hel­ge­ne. Eg kan der­for be­gyn­ne å job­be med ein gong. På dag­tid kan de nå meg på te­le­fon 000000, og eg stil­ler gjer­ne til in­ter­vju når det pas­sar for dykk.

Eg hå­per på po­si­tivt svar!

Med venn­leg helsing
Jon Mag­ne Stein­sund

CV er ved­lagd

(frå s. 99 i boka)