Nettressurs for Norskboka vg2 yrkesfag finner du på norskboka.fagbokforlaget.no | Nettressurs for Intertekst påbygging vg3 finner du på intertekst.fagbokforlaget.no

Motiv og tema – undervisningsopplegg

Her kan du laste ned:


S1_4 Motiv og tema_side 249ø_Erlend Berge Naesheim_Fotofil.no_GOPR1036 du kan lage bredde format_s.jpg

Dette undervisningsopplegget er ei øving i å skilje mellom motiv og tema. Følgjande dikt er brukt:

  • Olav H. Hauge: «Du var vinden» (s. 248)
  • Ailo Gaup: «Stammens kniv» (s. 254)
  • Anna Skeide: «Dotter av Anne Skeide» (s. 247)

Forslag:

Arbeid gjerne i grupper. Del tavla, flip-over eller skjermbilete i to, på den eine sida står ordet motiv, på den andre ordet tema. For kvart dikt som er lese og drøfta, skriv de opp det de blei einige om.


1. Les diktet «Du var vinden» av Olav H. Hauge (s. 248)

MOTIV

  • Kva bilete er det det tydelegaste i diktet? Korleis er eg- personen i diktet knytt til dette biletet? Kva andre bilete finst i diktet? Er du-personen knytt til eit av desse bileta? Er bileta knytt til det biletet du fann først?

Elevane svarer på dette før ein går vidare, og dei får vite at dei no har funne motivet i diktet. (Båten utan vind, båten med vind.)

TEMA

  • Kven meiner du at du-personen i diktet er? Kva forhold er det mellom eg-personen og du-personen?
  • Korleis kan spørsmåla sist i diktet tolkast?
  • Kva trur du diktet handlar om inst inne? (Kjærleik/forelsking)

Elevane svarer på dette, og dei får vite at dei no har funne temaet i diktet.

2. Les diktet «Stammens kniv» av Ailo Gaup (s. 254)

MOTIV

  • Kva gjenstand handlar diktet om? Kor er denne gjenstanden seg? Kva er det eg-personen i diktet gjer?

Elevane svarer på dette før ein går vidare, og dei får vite at dei no har funne motivet i diktet. (Kniven)

TEMA

  • Kva kan denne gjenstanden (kniven) vere eit bilete på? Kva betyr det at han tilhøyrer stammen? (Sjå tittel på diktet).
  • Kva trur du det betyr at «eg» i diktet tek opp kniven og kvesser den?
  • Kva handlar diktet eigentleg om? (Å ta vare på kulturarven sin/Å verne om sin eigen identitet/Å slåss mot undertrykking)

Elevane svarer på dette, og dei får vite at dei no har funne temaet i diktet.

3. Les diktet «Dotter» av Anne Skeide.

MOTIV

  • Kva for to personar handlar diktet om? Kven er det som er eg-personen?
  • Kva situasjon blir skildra i den første strofa?
  • Korleis ønskjer «eg» at «du» skal ha det i strofe to? Og kva gjer «eg» då?
  • Korleis har «du» det i strofe 3, og kva skjer då?

Elevane svarer på dette før ein går vidare, og dei får vite at dei no har funne motivet i diktet. (Mor som ventar på dotter ute ein stad, klar til å trøyste dersom noko blir vanskeleg)

TEMA

  • Kva kan det at dottera dansar og ler vere eit bilete på?
  • Kva kan det at «eg» står i utkanten og ventar vere eit bilete på?
  • Kva kan det at dei skal ta følge heim vere eit bilete på?
  • Kva handlar diktet om inst inne? (Foreldrekjærleik og omsorg for barn/morskjærleik)

Elevane svarer på dette, og dei får vite at dei no har funne temaet i diktet.

MOTIVTEMA
Båten utan vind, båten med vindKjærleik/forelsking
KnivenÅ ta vare på kulturarven sin/Å verne om sin eigen identitet/Å slåss mot undertrykking
Mor som venter på datter ute et sted, klar til å trøste hvis noe blir vanskeligForeldrekjærleik og omsorg for barn/morskjærleik