Nettressurs for Norskboka vg2 yrkesfag finner du på norskboka.fagbokforlaget.no | Nettressurs for Intertekst påbygging vg3 finner du på intertekst.fagbokforlaget.no

Gode råd for ein digital presentasjon – sjekkliste

  1. Gjer det enkelt. Du bør ikkje overdrive med animasjonar, rørsle og lyd. Lag eit heilskapleg design.
  2. Bruk nøkkelord, ikkje lange setningar. Sju ord på ei side er ofte nok.
  3. Bruk stor skrift, gjerne skriftstorleik 30, og bruk lik skrifttype i heile presentasjonen.
  4. Bruk tydelege fargar og kontrastar. Mørk tekst på lys bakgrunn fungerer ofte best.
  5. Bruk bilete som illustrerer eit poeng. Hjernen vår hugsar bilete betre enn ord. Ikkje bruk for mange bilete per side. Eitt eller to bilete er passeleg.
  6. Ikkje lag for mange lysbilete. Det er uheldig dersom du må forte deg gjennom dei siste lysbileta dine. Då forsvinn mange av poenga.
  7. Sjekk grammatikk og rettskriving. Feil skjemmer presentasjonen.
  8. Hugs å gi opp kjeldene for presentasjonen din.

(Frå s. 29 i boka)