Argumenterande tekst: Fleksitid i skulen – skriveramme
Last ned skriveramma her:
© ScanStockPhoto / Lasse Kristensen
Prinsipp: Femavsnittsmetoden
- Innleiing
- For det første
- For det andre
- For det tredje
- Avslutning/konklusjon
OPPGÅVE: Alle skular bør innføre fleksitid!
Innleiing
Heile verda er lagt til rette for A4-menneske, menneske som liker å stå opp klokka halv sju, gå på skulen og avslutte klokka tre!
(Utdjuping: Vel det eller dei punkta nedanfor som passar for deg eller finn på noko sjølv)
- Alle er ikkje like,…
- Kven har bestemt at det skal vere sånn?
- Kan nokon få forandra på dette tyranniet?
For det første
Mange av dei eg kjenner har ein heilt annan døgnrytme.
(Utdjuping: Vel det eller dei punkta nedanfor som passar for deg eller finn på noko sjølv)
- Ok! Nokon synest faktisk det er greitt å … fordi dei …
- Eg, og mange andre, vil helst sove til … Til gjengjeld synest eg det er heilt greitt å jobbe til …
- Det å tvinge folk inn i ein døgnrytme som ikkje passar kan føre til …
- Den faste skuletida favoriserer dei som …
For det andre
Når alle elevane kjem og går til same tid, blir det lite lærertid på kvar enkelt.
(Utdjuping: Vel det eller dei punkta nedanfor som passar for deg eller finn på noko sjølv)
- Om dei vakne og opplagde elevane kjem først, blir starten på skuledagen for lærar og elev …
- Læraren får meir tid til kvar enkelt når …
- Dersom dei som er trøytte kan få lov til å sove litt til, blir dei …
- Morgontrøytte elevar får lite ut av dei første timane fordi …
- Når det er færre elevar mot slutten av dagen, kan dei som treng det få meir tid med læraren, og då …
For det tredje
Fleksitid vil ikkje berre hjelpe den enkelte, heile samfunnet kan faktisk tjene på det.
(Utdjuping: Vel det eller dei punkta nedanfor som passar for deg eller finn på noko sjølv)
- Dersom skuleelevar og folk i jobb får fleksitid, vil rushtrafikken …
- Når trafikken blir meir fordelt vil talet på trafikkulykker …
- Når skuletid og arbeidstid blir jamnare fordelt utover dagen, vil lokale og ressursar kunne utnyttjast betre fordi …
Avslutning
Fleksitid er framtida!
(Utdjuping: Vel det eller dei punkta nedanfor som passar for deg eller finn på noko sjølv)
- Skuleelevar vil bli meir motiverte og fungere betre når …
- Eksamensresultata for den enkelte elev vil bli betre når …
- Skulane vil oppnå betre resultat når …
- Samfunnet vil fungere meir effektivt når …
- Mange vil få eit betre liv dersom …