Partileiardebatt – sjå og diskuter

Oppgåver:

  1. Dubbing!

    Sjå på partileiardebatten utan lyd. Kva slags kroppsspråk har kvar av dei? Ope, defensivt, aggressivt – ser dei triste, glade, sinte ut? Eller ser dei ut som de kjeder seg? Er dei merksame? Kva kommuniserer kvar av dei når du ikkje høyrer kva dei seier?

  2. Kva døme på etos, patos og logos kan du finne i innlegga?

    Sjå på debatten i grupper på tre. Ein person ser etter etos, ein etter patos og ein etter logos. Forklar og vis for kvarandre kor mykje eller lite de finn av kvar appellform, og grunngi for medlemmene på gruppa kvifor det er slik. Diskuter i klassen.

  3. Partileiardebatt

    I grupper på 4–6: Gå inn på heimesidene til partia og vel to store politiske saker som er aktuelle for tida. Lag deretter eit rollespel som skal framførast for resten av klassen der de bruker debattreglar og prøver å argumentere med same ordbruk som partileiarane i debatten. Læraren dykkar kan moderere, og klassen kan gi tilbakemeldingar på kor vellykka argumentasjonen er.