«Flyktningar øver på norske forhold» – sjå og skriv

S3.6_1.jpg

I dag er Noreg blitt ein del av det fleirkulturelle verdssamfunnet. Den nasjonale identiteten vår er blitt utvida og omfattar både dei gamle førestillingane om det «typisk norske» og nye folkegrupper med andre kulturar og andre språk.

Sjå klippet «Flyktninger øver på norske forhold» frå NRK Skole (06:57).

Skriveoppgåver

  1. Informativ tekst: Skriv ein tekst der du gir flyktningar informasjon om det nye heimlandet deira og gode råd om korleis dei kan førebu seg på det nye tilværet. Bestem sjølv om målgruppa skal vere ungdommar eller vaksne.
  2. Kreativ tekst:
    1. Tenk at du sjølv er flyktning og på veg til eit nytt land. Skriv ei novelle om frykt og håp i denne situasjonen.
    2. Skriv eit kåseri om den verkelegheita du trur vil møte flyktningar som kjem til Noreg.