Sommarjobb 2 – les og skriv

S1_3 Sommerjobb2.jpg

Les artikkelen «Sommerjobb? – Dette har du krav på» (lenkje på sida «Rettigheter i forbindelse med sommerjobb», NRK Skole).

Spørsmål

  1. Først i teksten står det: «det skal gå begge vegar». Kva meiner ein med dette? Forklar.
  2. Kva seier arbeidsmiljølova om arbeidskontrakt?
  3. Nemn tre viktige ting som skal stå i kontrakten.
  4. Kor lang sommarferie er du pliktig til å ha?
  5. Kor mange timar i veka har ungdommar under 18 år lov til å jobbe?

Skriveoppgåver

Skriv ein tekst om sommarjobb.

  1. Du kan skrive om ein sommarjobb du har hatt, eller om ein sommarjobb du ønskjer å få. Fortel om kva jobben går ut på, kva som er viktig i akkurat den jobben, om kva du lærte / kan lære i denne typen jobb, om forhold til arbeidskollegaer osb. Skriv gjerne også noko om kvifor sommarjobbar kan vere viktige å ha for å finne ut kva ein ønskjer å jobbe med seinare i livet.
  2. Du kan også velje å skrive teksten som ein kreativ tekst (forteljing, novelle eller kåseri).