Argumenterande tekst: Hjelp gutane mot kroppspress! – skriveramme

Last ned skriveramma her:


S2_3_Argumenterende tekst_Hjelp guttene_Kzenon_shutterstock_8486536_s.jpg

Prinsipp: Femavsnittsmetoden

  1. Innleiing
  2. For det første
  3. For det andre
  4. For det tredje
  5. Avslutning/konklusjon

OPPGÅVE: Hjelp gutane mot kroppspress!



Innleiing

Kvifor snakkar vi ikkje meir om at gutar er like utsett for kroppspress som jenter?

(Utdjuping: Vel det eller dei punkta nedanfor som passar for deg eller finn på noko sjølv)

  • Alle veit at jenter blir utsett for kroppspress, men gutar …
  • Gutar skal vere så tøffe, og derfor tør dei ikkje å …
  • Mange gutar lir i det stille fordi …

For det første

Gutar treng nokon å snakke med om vanskelege ting, det har faktisk jentene.

(Utdjuping: Vel det eller dei punkta nedanfor som passar for deg eller finn på noko sjølv)

  • Alle skular har ei helsesøster, men for gutar kan det vere vanskeleg å …
  • Dersom skulen hadde både mannleg og kvinneleg helsesøster, trur eg at …
  • Det er like viktig for gutar å søkje hjelp som for jenter fordi …
  • Eg trur gutar synest det er vanskelegare å søkje hjelp, og derfor …

For det andre

I miljøa rundt gutar er det mindre fokus på verdiar som forståing, aksept og det å ta vare på kvarandre.

(Utdjuping: Vel det eller dei punkta nedanfor som passar for deg eller finn på noko sjølv)

  • Samfunnets forventninger til gutar handlar om at dei skal vere …
  • Det er forventa at gutar skal vere fysisk …
  • Gutar skal liksom tåle …
  • Det er på ein måte ikkje godteke at gutar …
  • Å vere sterk og veltrent er …
  • Miljøet rundt gutar kan vere tøft, og då er det ikkje så lett å …

For det tredje

Gutar blir like sjuke som jenter av alt fokuset på kropp, trening, kost og prestasjonar.

(Utdjuping: Vel det eller dei punkta nedanfor som passar for deg eller finn på noko sjølv)

  • Mange gutar og unge menn har i det siste stått fram og fortalt at …
  • Legar og psykologar roper varsko om at …
  • Å bli utsett for alle desse forventningane om å prestere på alle frontar fører for mange til at …
  • Mannsideala i vår tid er farlege fordi …

Avslutning

Hjelp gutane!

(Utdjuping: Vel det eller dei punkta nedanfor som passar for deg eller finn på noko sjølv)

  • Alle skular bør ha både mannleg og kvinneleg helsesøster fordi …
  • Media må ta opp problema til gutar like ofte som …
  • Vi må snakke om at ulikheit skaper mangfald, mens stereotype ideal kan vere farlege fordi …
  • Alle menneske er forskjellige, men dei er like verdifulle uansett om …
  • Foreldre, lærarar og venner må vere bevisste på å snakke om problema til gutane like ofte som …