Vurdering av nettsider – sjekkliste
| – Er innhaldet på sidene truverdig? | |
| – Kven er forfattar? Kan du nå den ansvarlege for nettstaden via e-post? | |
| – Kven står bak nettstaden? Kvifor er han laga | |
| – Er det mykje reklame, eller er nettstaden fri for reklame? | |
| – Er nettstaden privat eller offentleg? | |
| – Er lenkjene relevante ressurssider for deg (det vil seie sedde i forhold til den oppgåva du skal jobbe med)? | |
| – Gir lenkjene tydeleg informasjon om kvar dei fører hen? | |
| – Når blei nettstaden sist oppdatert? |
Det kan vere lurt
- å bruke kjende portalar som utgangspunkt for søk
- å undersøkje fleire kjelder
- å vurdere nettadressa
- å sjekke domenenamn og eventuelt kven som eig domenet. Det kan gjerast med Whois-tenesta for norske nettstader og Check domain for internasjonale nettstader.
Hugs å notere alle nettstader du bruker. Det skal komme klart fram i teksten din og i kjeldelista di kva kjelder du har brukt.