Nettressurs for Norskboka vg2 yrkesfag finner du på norskboka.fagbokforlaget.no | Nettressurs for Intertekst påbygging vg3 finner du på intertekst.fagbokforlaget.no

«Utvandret til Amerika» – sjå og skriv

S3_8 Utvandret til Amerika.jpg

Martha Olsen drog frå Noreg som 20-åring, og har sidan budd i St. Paul i Minnesota. Sjå intervjuet med henne i «Utvandret til Amerika» frå NRK Skole (02:32).

Spørsmål

  1. Kvifor drog Martha Olsen til Amerika?
  2. I kva grad vil du seie at ho var integrert i det amerikanske samfunnet? Sjå på både arbeid og språk.
  3. På kva måte kan Olsens situasjon samanliknast med situasjonen for innvandrarar i Noreg i dag? Trekk fram likskapar og forskjellar.

Skriveoppgåver

  1. Ta utgangspunkt i Martha Olsens historie og skriv ein drøftande tekst om det å halde tett kontakt med andre innvandrarar og å halde fast ved eige språk og eigen kultur. Prøv å sjå saka frå ulike sider. Lag di eiga overskrift.
  2. Skriv eit essay om flyktningstraumane i verda i dag. Kva håp trur du flyktningane har, og korleis vil dei takle heimlengselen om dei finn eit nytt heimland? Kva ulike forhold fører til at så mange må flykte frå landet sitt?