Nettressurs for Norskboka vg2 yrkesfag finner du på norskboka.fagbokforlaget.no | Nettressurs for Intertekst påbygging vg3 finner du på intertekst.fagbokforlaget.no

Sale eller sal? – sjå og diskuter

S3_5 Sale eller salg.jpg

Sjå videoen «Sal på engelsk» på NRK Skule (04:18).

Spørsmål

  1. Kvifor er «sale» betre enn «sal»? Smak på orda og forklar.
  2. Kva vil det seie at eit språk har prestisje? Og at norsk eventuelt blir eit privat språk? Kom med døme.
  3. Representanten viste til at H&M er eit internasjonalt konsern. Er det noka god «unnskulding»?
  4. Direktøren for Språkrådet spår at norsk skriftspråk uunngåeleg kjem til å tape i framtida. Er du einig, og kva kan eventuelt vere mottiltak?

Oppgåver

  • Det skal opnast ny kaffebar på skulen, og forslag til namn er «Go latte». Del klassen i to leirar – den eine er for det engelske/italienske namnet, den andre vil heller ha eit norsk namn. Korleis vil de argumentere for synspunkta dykkar? Kva kan vere eit godt norsk namn?
  • Ta for deg programmet på nærmaste treningssenter. Korleis står det til med norsken der? Gå igjennom menyen og lag ein alternativ meny på norsk.