Nettressurs for Norskboka vg2 yrkesfag finner du på norskboka.fagbokforlaget.no | Nettressurs for Intertekst påbygging vg3 finner du på intertekst.fagbokforlaget.no

Drøftande tekst: Ungdom og dataspel – skriveramme

Last ned skriveramma her:


S2_4 Argumenterende Ungdom og dataspill_Fotofil.no_Eli Berge_Nesbru vgs 2klasse696_s.jpg

Prinsipp: Femavsnittsmetoden

  1. Innleiing
  2. Positive sider
  3. Negative sider
  4. Drøfting
  5. Avslutning/konklusjon

OPPGÅVE: Drøft positive og negative sider ved bruk av dataspel hos ungdom


Skriveramma byggjer på eksempelet i Signatur 1 s. 56.



Innleiing

Mange ungdommar bruker mykje av fritida si på å spele dataspel.

(Utdjuping: Vel det eller dei punkta nedanfor som passar for deg eller finn på noko sjølv)

  • Nemn nokre populære spel.
  • Si noko om deg sjølv og dataspel.
  • Fortel om venner som speler.
  • Fortel litt om eitt eller to av spela du har spelt.

Første avsnitt (positive sider)

Det finst mange positive sider ved å spele dataspel.

(Utdjuping: Vel det eller dei punkta nedanfor som passar for deg eller finn på noko sjølv)

  • Spela kan gi både spenning og avkopling frå kvardagen fordi …
  • Ein kan lære mykje av mange av dataspela, til dømes …
  • Spela kan auke reaksjonsevne og hurtigheit, til dømes …
  • Nokre spel kan brukast til å auke motoriske ferdigheiter, til dømes …
  • Det kan vere sosialt å spele dersom ein speler med eller mot andre, til dømes …

Andre avsnitt (negative sider)

Men dei fleste meiner at det òg er mykje negativt og jamvel farleg ved dataspel.

(Utdjuping: Vel det eller dei punkta nedanfor som passar for deg eller finn på noko sjølv)

  • Somme meiner at vald i spel kan føre til vald i verkelegheita. (Eksempel?)
  • Å bruke for mykje tid på spel kan gi dårlegare kondisjon og helse, fordi …
  • Dersom ein sit mykje åleine og speler, kan ein få mindre kontakt med venner.
  • Dataspel der pengar er involvert, kan gjere at ein får dårlig økonomi. (Eksempel?)
  • Ein kan bli spelavhengig. (Utdjup)

Tredje avsnitt (drøfting)

Ungdom og dataspel er eit viktig tema.

(Utdjuping: Vel det eller dei punkta nedanfor som passar for deg eller finn på noko sjølv)

  • Mange unge bruker mykje tid på å spele, og derfor er det viktig å kjenne til konsekvensane av dette.
  • Det har mykje å si kva spel ein spel, somme er heilt uskuldige, mens andre kan vere svært grove eller valdelege.
  • Dersom ein deler interessa med andre og deltek normalt i det sosiale livet, kan speling vere ein fin hobby.
  • Dersom spelinga tek overhand og ein blir einsam eller blakk, kan det bli farleg.

Avslutning/konklusjon

Slik eg ser det kan dataspel vere ein morosam, engasjerande og lærerik hobby. Det gjeld berre å vere merksam på faresignala.

(Utdjuping: Vel det eller dei punkta nedanfor som passar for deg eller finn på noko sjølv)

  • Du kan lære mykje av spela, til dømes språk eller matematikk
  • Det er gøy og sosialt å spele saman med andre.
  • For å unngå dei uheldige sidene ved dataspel bør foreldra kjenne til innhald og tidsbruk hos ungdommane sine.
  • Ekspertar på dataspel bør spreie kunnskap om både positive og negative sider ved dette i ulike typar medium.