Nettressurs for Norskboka vg2 yrkesfag finner du på norskboka.fagbokforlaget.no | Nettressurs for Intertekst påbygging vg3 finner du på intertekst.fagbokforlaget.no

Olav H. Hauge og «nyenkelheit» – les og skriv

S3_8 Olav H Hauge Draape gress_dreamstime_Vaclav Volrab_8031009.jpg

Olav H. Hauge er kjend for å skrive konkrete dikt, i eit kvardagsleg språk. Nokre liknar på korte visdomsord som skal få lesaren til å tenkje. Dei har ikkje regelmessig rim eller fast rytme.

I tekstsamlinga (s. 242) kan du lese diktet «Sleggja». Her er to andre dikt frå samlinga Dropar i austavind (1966):


Skjer

Det er mange skjer i sjøen.
Likevel vart det
eit skjer
som vart frelsa di.


Spørsmål

  1. Uttrykket «Det er mange skjer i sjøen» er eit kjent norsk ordtak. Kva betyr det?
  2. Her bruker Hauge denne folkelege åtvaringa i diktet sitt, men gir ho ei ny meining: Skjeret reddar deg. Når kan du bli redda av eit skjer?
  3. Dersom ein skal sjå på Hauges dikt som ein metafor på noko som kan hende deg i livet, kva kunne det ha vore då?

Du var vinden

Eg er ein båt
utan vind.
Du var vinden.
Var det den leidi eg skulde?
Kven spør etter leidi
når ein har slik vind?


Spørsmål

  1. Her bruker Olav H. Hauge ein enkel metafor for å vise lesaren noko som hender i livet til eit menneske. Kva er det som skjer? Kven er båten? Kven er vinden?
  2. Er dette eit godt kjærleiksdikt etter di meining? Kvifor / kvifor ikkje?


Skriveoppgåve

På side 235 i Signatur 3 tekstsamling finn du diktet «Tale for loffen» av Jan Erik Vold, ein av Profil-forfattarane i 1960-åra. Skriv ein informerande tekst på 250 ord der du forklarer korleis han har laga poesi av det kvardagslege og enkle. Samanlikn diktet med Olav H. Hauges dikt over. Kva slags likskapar og forskjellar finn du?