«Nordiske språk: gode naboer» – innføringsfilm
Svensk, norsk og dansk er nære språklege naboar og utgjer saman med islandsk og færøysk dei nordiske språka. I filmen snakkar Amie, Sandra og Johannes om det språklege fellesskapet i Norden og kvifor det er viktig å bruke morsmålet når ein møter nordiske naboar.
Spørsmål
- Nemn nokre kjenneteikn ved det nordiske språkfellesskapet.
- Kva fordelar gir det å vere en del av det nordiske språkfellesskapet?
- Kva slags dialektar snakkar dei tre ungdommane? Kvifor meiner dei det er viktig å halde på dialektane?
- Kva seier dei tre om påverknad frå engelsk på dei nordiske språka i dag? Stemmer det med di eiga oppfatning?