«Atten år og vengeklypt» – skriveramme

Last ned skriveramma her:


S1_5 Atten aar og vengeklypt_side 149_Linda Haugvaldstad_Fotofil.no_LIH0011_s.jpg

Novella er skriven av Kjell Åsen og står på s. 146 i Signatur 1.


Innleiing

Kven har skrive novella? Når og kor blei ho utgitt?

Novella «Atten år og vengeklypt» er skriven av …

Ho blei utgitt …


Hovuddel

Fortel kort kva novella handlar om, med dine eigne ord.

Novella handlar om …

Forklar kven som er dei viktigaste personane i novella og beskriv dei:

Hovudpersonen er …

Han …

Ein annan viktig person er …


Synsvinkelen: Med kven sine auga ser vi det som skjer i novella? Gjeld det heile novella, eller kan du finne ei endring?

Forteljaren gjennom nesten heile novella er …

Men på slutten skiftar synsvinkelen …

Det gjer at …


I store delar av novella er hovudpersonen frustrert og oppgitt. Kva kjem det av? Bruk gjerne sitat.

Hovudpersonen i novella …


Ei novelle byggjer seg opp mot ein spenningstopp. Forklar kva du meiner er den mest spennande staden i novella.

Spenningstoppen i novella meiner eg er når …


Mange noveller har eit vendepunkt, det er når utviklinga i novella tek ein ny retning. Kva meiner du er vendepunktet i denne novella?

Stemningen i novella snur når …


Kva er temaet i novella? Vel eit av forslaga under og grunngi valet ditt.

Eg trur temaet er at ein aldri må miste motet …

Eg trur temaet er at livet som oftest har noko på lur …

Eg trur temaet kan vere å føle seg utanfor fordi …

Temaet kan vere kor vanskeleg det er å takle å gå frå å vere frisk og sprek til ufør på eit blunk …

Eg trur at temaet er at det finst håp og kjærleik tross alt …

Eg meiner at temaet er …


Avslutning

Kommenter slutten av novella. Er den skrive slik fordi det er ein sånn slutt dei fleste ønskjer? Eller får den oss til å tenkje? Kva slags inntrykk gjorde novella på deg?

Eg synest slutten var …

Eg likte novella fordi …

Eg likte ikkje novella fordi …