«Et rom står avlåst» (dikt) – skriveramme
Last ned skriveramma her:
© idal/iStock
Diktet er skrive av Kolbein Falkeid og står på s. 264 i Signatur 3 tekstsamling)
Innleiing
Presenter diktet med tittel, forfattar, utgivingsår og namn på samlinga det stod i.
Diktet «Et rom står avlåst» er skrive av …
Konkret innhald (motivet)
Beskriv innhaldet i diktet med dine eigne ord. Kva slags situasjon blir skildra? Kva opplever eg-personen i diktet?
Diktet handlar om ein person som …
Vi får vite om eg-personen at …
Vi får vite om du-personen at …
Forholdet mellom desse to har vore …
Oppbygning
Beskriv kort korleis diktet er bygd opp (strofer og verselinjer, rim og rytme)
Diktet er delt inn i tre strofer …
Strofene har ulik lengd …
Den første strofa handlar om …
Den andre strofa skildrar …
Den tredje og siste strofa …
Verkemiddel
Kva slags verkemiddel bruker forfattaren? (ord som skaper stemning, språklege bilete, gjentakingar)
Stemningen i diktet er …
Ord som får fram det er …
Forfattaren bruker mange metaforar, som «eit rom» …
Dette trur eg betyr …
Andre metaforar er knytt til vêret, til dømes … (nemn fleire bilete og si kva du meiner dei betyr)
Kvar strofe blir innleidd med …
Tema
Kva inntrykk får du av forholdet mellom eg-personen og du-personen? Og korleis tolkar du det at eit rom står avlåst i kroppen til eg-personen? Kva er meint med biletet: «tomheten svarer aldri»?
Den første linja i diktet seier noko om kva diktet skal handle om, nemleg …
Resten av diktet fortel om …
Eg trur temaet kan vere …
Avslutning
Skriv di eiga meining om diktet og korleis det verkar på deg.
Eg synest diktet var …