Bruk omgrepa! Kairos og aptum

S3_3 Bruk begrepene_s.jpg

Korleis bruker vi dei retoriske omgrepa? Her finn du døme.

Kairos

Kairos er situasjonen teksten blei til i. Er «timingen» for annonsen god? Veljer avsendaren «rett ord til rett tid?».

Døme:

  • Gilde har openbart vurdert kairos godt. Juleførebuingane er i gang denne siste høstmånaden, og i tillegg er det fotballcup.
  • Kairos for teksten er tydeleg. Våren er tida for opprydding og søppeltømming, og Syklus ønskjer å utnytje dette.
  • Når det gjeld kairos for denne teksten, kan vi forstå det på forskjellige måtar.

Aptum

Har avsendaren valt riktige verkemiddel? Er oppbygninga og innhaldet føremålsteneleg eller passande i forhold til målgruppa? Dette kallar vi aptum.

Døme:

  • Målet er å få menn til å kjøpe wienerpølser fordi dette er lettvinn førjulsmat. Slik sett oppfyller annonsen krava til aptum. Han speler på stereotypiar og dei gode kjenslene vi har for jula.
  • Med den sterke patosappellen møter annonsen kravet til aptum på ein vellykka måte. Vi kan rekne med at poenget med «Jenteloven» treffer eit norsk publikum som er opptekne av rettane til kvinner og barn.