«Du søkte etter en dypere mening» (dikt) – skriveramme
Last ned skriveramma her:
© Ivar Aaserud/Aktuell/NTBscanpix
Diktet er skrive av Hans Børli og står på s. 227 i Signatur 3 tekstsamling.
Innleiing
Presenter diktet med tittel, forfattar, utgivingsår og namn på samlinga det stod i.
Diktet «Du søkte etter en dypere mening» er skrive av …
Konkret innhald (motivet)
Beskriv innhaldet i diktet med dine eigne ord. Kva slags situasjon blir skildra? Kva opplever eg-personen (du-personen) i diktet?
Diktet handlar om ein person som søkjer etter …
Reint konkret skubbar personen ting bort og leiter etter …
Men tinga …
Oppbygning
Beskriv kort korleis diktet er bygd opp (strofer og verselinjer, rim og rytme)
Diktet har berre to strofer. Den første strofa skildrar …
Den siste strofa har berre ei linje. Den seier at …
Verkemiddel
Kva slags verkemiddel bruker forfattaren? (ord som skaper stemning, språklege bilete, gjentakingar)
Første linje seier kva diktet skal handle om …
Men forfattaren bruker konkrete bilete (metaforar) for å vise …
Døme på slike bilete er …
Tinga blir personar som …
Den siste strofa avsluttar med ein påstand som …
Tema
Kva handlar diktet eigentleg om? Kva betyr det å leite etter hemmelege rom? Og kva er meint med «mysteriet»?
Alt i tittelen peiker forfattaren mot det diktet dreier seg om, nemleg å …
Vi må gjette kva dei ulike metaforane betyr, til dømes …
Avslutninga er ein påstand som eg tolkar som at …
Eg trur temaet kan vere …
Avslutning
Skriv di eiga meining om diktet og korleis det verkar på deg.
Eg synest diktet var …
(Tillegg: Dersom du ønskjer det, kan du kommentere det at forfattaren ber «deg» om ikkje å leite etter ei djupare meining, samtidig som han ber lesaren tolke bilete og leite etter ei djupare meining i diktet. Dersom ein ser det på denne måten, blir diktet eit metadikt, eit dikt som også kan handle om dikt!)