Nettressurs for Norskboka vg2 yrkesfag finner du på norskboka.fagbokforlaget.no | Nettressurs for Intertekst påbygging vg3 finner du på intertekst.fagbokforlaget.no

Det var berre prislaust! – les og diskuter

S3_5 Det var bare prisløst.jpg

Mange uttrykk ser norske ut – men er det ikkje.

Les artikkelen «Er du opp for å lese en prisløs artikkel?» Aftenposten Innsikt, juli/ august 2015.

Du kan òg sjå filmen «Kan du norsk?» som ligg på sida (03:10).

© Valeriy Kachaev | Dreamstime.com

Norsk eller –?

prislaust

gå kort

å gro skjegg

komme opp med

når det kjem til …

å hoppe til konklusjonen

berre peanøtter

frå toppen av hovudet

ikkje min kopp te

eg er opp for kebab

gå for noko billig

Musikken er datert

Eg realiserer at …

Eg liker å vere med venner

Det er ute av spørsmål

Ho heng berre med eldre gutar

Spørsmål

  1. Sjå på lista over ord og uttrykk. Kva for nokre synest du er heilt vanlege, og kva synest du er «rart»? Samanlikn med kva læraren synest.
  2. Finn ut kva engelske ord som ligg bak kvart av uttrykka. Prøv deretter å finne meir norske uttrykk.
  3. Er det viktig å ta vare på dei norske/tradisjonelle seiemåtane? Kvifor/kvifor ikkje?

Oppgåve

Lag ei undersøking inspirert av filmen «Kan du norsk?» på skulen eller eit kjøpesenter. Kva uttrykk er vanlege, og kva slags haldningar har folk til å ta vare på tradisjonell norsk?