Episke lover i folkeeventyra – analyser

S3.8_3.jpg

Les i Signatur 3 studiebok om eventyr (s. 200).

Den danske folkeminneforskaren Axel Olrik har formulert desse episke lovene for eventyret:

  • Innleiingslova. Eventyret opnar alltid roleg med «Det var ein gong …», før det skjer noko dramatisk. Eit eventyr opnar aldri «in medias res» og er ikkje knytt til bestemte stader eller tidsperiodar.
  • Lova om handlingseining. Det er berre dei personane og hendingane som er nødvendige for handlinga, som er med. Eventyra blir fortalde kronologisk, og det finst ingen parallelle handlingar.
  • Midtpunktlova. Det er som regel berre éin hovudperson, éin helt, og handlinga er konsentrert om denne personen.
  • Den sceniske totalsregelen. Berre to personar opptrer aktivt i same scene. Er andre personar til stades, er dei tause.
  • Motsetningslova. Om to personar opptrer samtidig, blir som regel forskjellane mellom dei framheva: Ein er snill, den andre er slem, ein er dum, den andre er klok, osb.
  • Tretalslova. I eventyra går talet tre igjen på ulike vis. Tretalslova er ein type gjentaking som gjorde det lettare for eventyrforteljaren å hugse handlingsgangen i eventyret.
  • Kvilelova. Eventyra sluttar aldri brått eller midt i ein dramatisk situasjon. Vi får alltid vite korleis det går med personane – «snipp, snapp, snute, og så levde dei lykkeleg alle sine dagar».

Vi kan leggje til desse reglane:

  • Helten har eit mål som skal oppnåast. Først har helten eit ønske eller eit sakn som skal tilfredsstillast i løpet av eventyret.
  • Helten møter hindringar på vegen mot målet. Hindringane er av forskjellig vanskegrad, og han eller ho får bruk for sine gode eigenskapar i strevet for å løyse oppgåvene.
  • Personane i eventyret er typar. I eventyra finn vi ikkje psykologiske portrett av samansette menneske. Figurane i eventyra er anten gode eller vonde, vakre eller stygge osb. I visse tilfelle er dei utan namn, dei blir kalla berre jenta, guten, kongen eller prinsessa.

Oppgåve

Prøv korleis desse lovene passar på forskjellige eventyr du finn i tekstsamlinga eller andre kjelder. Du kan også bruke moderne populærkultur, som fantasyforteljingar eller actionfilmar.