Samanlikning av bok og film
Innleiing
- Presenter boka og filmen kort. Oppgi namn på forfattar/regissør og utgivingsår på bok og film.
- Gi ein kortfatta presentasjon av den litterære teksten. Kva går handlinga ut på? Kven er dei sentrale personane? Kva miljø møter vi? Korleis er komposisjonen? Kva tema blir teke opp?
Analysedel
- Finn vi same tematikk i filmen som i boka?
- Komposisjon/dramaturgi: Er det skilnad på innhaldet i boka og filmen? Er noko teke bort eller lagt til? Er handlingsrekkjefølgja den same i bok og film?
- Korleis er synsvinkel/forteljarperspektivet i filmen i forhold til i boka?
- Korleis blir personane skildra i boka og i filmen? Kva kan vere grunnen til at det eventuelt er gjort endringar?
- Korleis blir miljøet skildra i filmen i forhold til i boka?
- Klarer filmen å gjengi stemninga/stilen som du finn i boka?
- Kva verkemiddel tek filmen i bruk for å skape stemningar og framheve handlinga? Her kan du nemne fargar, lyd, musikk, klipperytme og kameravinkel.
Avslutning
- Beskriv di personlege oppleving av adaptasjonen.
- Gi ei vurdering av adaptasjonen.
(Frå boka s. 78)