Bruk omgrepa! Etos, patos og logos
© Johanna Hanno/Bildhuset/NTBscanpix
Korleis bruker vi dei retoriske omgrepa i setningar? Her finn du døme.
Etos
Truverdet til avsendaren kallar vi etos. Kor stor tillit har vi til avsendaren og teksten? Kva er det som skaper tillit?
Døme:
- Gilde har sterk/høg etos fordi dette er ein matprodusent med lange tradisjonar.
- Plan-Norge (under)byggjer sitt etos ved å vise til ulike nettstader.
- Logoen til Syklus styrkjer etoset til annonsen.
Patos
Å røre ved kjenslene til mottakaren er eit effektivt grep. Vi seier at teksten appellerer til patos.
Døme:
- Avsendaren ønskjer å overbevise gjennom patos …
- Gilde skaper patos når de …
- Tekstens patos er sterkast i bildet.
- Syklus bruker patos for å overtyde mottakaren.
Logos
Logos har med fornuft og rasjonalitet å gjere. Er det som blir presentert sant eller sannsynleg? Fakta og sakleg informasjon høyrer heime her.
Døme:
- Oppskrifta under biletet er logosargumentasajon. Det er likevel patos som er den dominerande appellforma i annonsen.
- Historia om Destiny må kallast logosargumentasjon, sjølv om vi ikkje kan kontrollere om ho stemmer.
- Appellforma logos er nesten fråverande i lesarinnlegget.