Nettressurs for Norskboka vg2 yrkesfag finner du på norskboka.fagbokforlaget.no | Nettressurs for Intertekst påbygging vg3 finner du på intertekst.fagbokforlaget.no

Dataspel: positivt eller negativt? – diskuter og presenter

S3 Gaming.jpg

Les artikkelen «Gaming har mange positive sider» frå Østlandets blad og sjå nyheitsinnslaget «Avhengig av dataspill» på NRK Skole (02:44).

Spørsmål

  1. Kva motsette sider ved dataspel kjem fram i dei to reportasjane? Forklar.
  2. Trur du spelinga gjorde at guten i NRK-klippet blei deprimert, eller trur du det er ein annan samanheng?
  3. Trur du han er representativ for mange ungdommar, eller er det ein typisk «skrekkreportasje»? Greunngi svaret.

Diskusjonsoppgåve: Er dataspel positivt eller negativt?

Gå saman i grupper og diskuter. Pass på at alle får ordet, og at alle lyttar til kvarandre.
De kan komme inn på desse temaa:

  • gutar og jenter - kven spelar?
  • kjønnsroller og verdiar i spela
  • PC kontra personleg kontakt
  • tidsbruk / fysisk helse
  • avhengigheit

Munnleg presentasjon: Ungdom og dataspel

Lag ein presentasjon om dette temaet. Du kan f.eks. ta opp desse punkta:

  • ulike typar spel
  • grafikk og design
  • positive og negative effektar ved å spele

Bruk synspunkta frå forskarane i artikkelen, men trekk òg inn dine eigne spelerfaringar.

Framfør for klassen. Omfang: ca. 15 minutt.