Nettressurs for Norskboka vg2 yrkesfag finner du på norskboka.fagbokforlaget.no | Nettressurs for Intertekst påbygging vg3 finner du på intertekst.fagbokforlaget.no

Sommarjobb 1 – sjå, diskuter og skriv

S1_3 Sommerjobb1.jpg

Sjå klippet «Rettigheter i forbindelse med sommerjobb» frå NRK Skole (01:42).

Spørsmål

  1. Kvifor blir LOs sommarpatrulje kalla «vaktbikkjer»?
  2. Kva to viktige ting har ungdommar i sommarjobb rett på?
  3. Kva tre «feil» blir ungdommar i sommarjobb ofte utsette for, ifølgje sommarpatruljen?
  4. Kva meiner representanten for arbeidsgivaren om sommarpatruljen?

Skriveoppgåver

  1. Skriv ein argumenterande tekst ut frå ein av dei to påstandane under.
    • Arbeidskontrakt for ungdom er unødvendig og vil berre gjere det vanskelegare å få sommarjobb.
    • Arbeidskontrakt for ungdom er viktig fordi mange arbeidsgivarar utnyttar ungdom som ikkje torer å stille krav.

    Framgangsmåte:

    1. Begynn teksten med påstanden du har valt..
    2. Finn tre argument som støttar denne påstanden.
    3. Bygg kvart av argumenta ut til eit avsnitt. Gi gjerne eksempel på at argumenta dine stemmer.
    4. Skriv ei avslutning med ein konklusjon.
    5. Skriv ei innleiing til teksten. Ho kan vere generell og handle om at mange ungdommar prøver å få seg sommarjobb, og at mange møter arbeidslivet for første gong. Innleiinga kan gjerne innehalde fakta eller noko sjølvopplevd.
    6. Skriv til slutt den samanhengande teksten. Føy til det du synest manglar.
    7. Lag overskrift.
  2. Les tekstar som argumenterer for begge syn, høgt i klassen/gruppa.
  3. Diskuter saka munnleg i klassen/gruppa.