Systemet vil bli oppdatert mandag 19. januar 2026 fra kl. 15:00 og vil være delvis utilgjengelig i opptil 1 time.
Vi beklager ulempene dette kan forårsake. Se detaljert informasjon etter oppdateringen på blog.portfolio.no.

Nettressurs for Norskboka vg2 yrkesfag finner du på norskboka.fagbokforlaget.no | Nettressurs for Intertekst påbygging vg3 finner du på intertekst.fagbokforlaget.no

Tolking av eit måleri – presenter

S3 Presentasjon av maleri.jpg

Gode råd til korleis eit foredrag skal haldast, finn du i Signatur 3 studiebok på s. 90–92. Du bør også lese avsnittet «Analyse og tolking av bilete» på s. 43–44.

Finn eit måleri frå ein av epokane de har jobba med i litteraturhistoria, og presenter det for klassen.

  • Du skal kort tolke måleriet og plassere det i ein kulturhistorisk samanheng.
  • Du får ca. fem minutt på presentasjonen av måleriet. Læraren kan stille spørsmål etter presentasjonen om noko må oppklarast nærare. Det blir sett av ti minutt til saman for kvar elev.
  • Det blir sett ein karakter på presentasjonen som måler det faglege innhaldet og korleis du klarer å formidle dette til tilhøyrarane.

Karakterkriterium

DET FAGLEGE INNHALDET:

  • Kreativitet og sjølvstende
  • Relevant kunnskap (Svarer du på oppgåva?)
  • Forståing for fagstoffet (Forstår du omgrepa du bruker?)
  • Disponering av fagstoffet

SJØLVE PRESENTASJONEN (FORM):

  • Kroppsspråk
  • Blikkontakt med publikum
  • Tempo og pausar
  • Stemmebruk

Under førelesninga skal måleriet vere framme på lerretet. Det er altså ingen PowerPoint-presentasjon. Manus skal leverast til læraren.

Du må sjølv finne måleriet og få det godkjent. Ingen skal presentere det same måleriet.