Tekst og bilete – lag ein brosjyre

S2_4 Lag en brosjyre_s.jpg

Lag ein informasjonsbrosjyre knytt til eit emne innanfor dei programfaga du har.

Korleis skal ein brosjyre vere?

  • Brosjyren skal vere ein samansett tekst. Det vil seie at han skal innehalde både ord og bilete som saman skal skape ein heilskap.
  • Brosjyren skal ha eit greitt format som ikkje er for stort. Det er vanleg å bruke eit A4-ark som ein brettar ein eller to gonger.
  • Bruk gjerne ein ferdig mal når du skal lage brosjyren. Det ligg ferdige malar i dei fleste tekstbehandlingsprogram.

Dette må du tenkje på når du lagar brosjyren:

  • Ver bevisst på kva målgruppe du skal nå.
  • Utforming og språk må du tilpasse den målgruppa brosjyren er meint for.
  • Brosjyren må ha eit blikkfang.
  • Det må vere ein samanheng mellom ord og bilete.
  • Fokuser klart på den bodskapen du har valt å få fram. Ingen skal vere i tvil om kva du ønskjer å seie.

TIPS TIL KVA DU KAN LAGE BROSJYRE OM:

  • Presentere programområdet ditt for ungdomsskuleelevar som lurer på kva linje dei skal velje på vidaregåande.
  • HMS-reglar.
  • Ei oversikt over moglege karriereval etter at du er ferdig med opplæringa. Denne brosjyren skal vere informasjon til ungdomsskuleelevar som lurer på kva programområde dei skal velje.
  • Viktige faglege tema. Dette vil variere frå programområde til programområde. Nokre eksempel er hygiene, presentasjon av verktøy eller maskinar, kosthald og ernæring.

Her kan du laste ned eksempel på ein brosjyre.

S2.4_brosjyre.jpg