Nettressurs for Norskboka vg2 yrkesfag finner du på norskboka.fagbokforlaget.no | Nettressurs for Intertekst påbygging vg3 finner du på intertekst.fagbokforlaget.no

KAPITTEL
4

Eksamenstrening språk

S3_4 Eksamenstrening språk.jpg

Dette gruppeopplegget eignar seg til ein time eller ein dobbelttime og byggjer på språkkapitla i boka.

  • Gå saman i grupper på seks.
  • Kvart gruppemedlem trekkjer eitt av spørsmåla under og svarer.
  • Når den som snakkar kjenner seg ferdig, kan andre elevar rundt bordet få moglegheit til å tilføye noko til svaret som alt er gitt.

Slik går runden rundt bordet til alle seks spørsmåla er besvart. Læraren kan òg stille oppfølgingsspørsmål viss det er behov.

Ingen hjelpemiddel er tillatne, og det blir eventuelt gitt individuell karakter.

Spørsmål

  1. Kva kjenneteiknar din eigen talemålsvariant? Beskriv varianten, og peik på forhold som kan påverke utviklinga av talemål.
  2. Gjer greie for norsk språkdebatt og språkpolitikk frå 1800-talet. Trekk inn Ivar Aasens «Om vort Skriftsprog» (S3 tekstsamling s. 355).
  3. Gjer greie for norsk språkdebatt og språkpolitikk frå år 1900 til i dag. Trekk inn utdraget frå «Framlegg til samlenormal» (ligg på Signatur nettressurs tekstsamling).
  4. Drøft sider ved norsk språk og kulturutvikling i eit globaliseringsperspektiv. Trekk inn artikkelen «Lat oss kalla han Tom» av Gudrun Kløve Juhl (S3 tekstsamling s. 383).
  5. Beskriv og samanlikn språksituasjonen i Noreg, Sverige og Danmark. Trekk inn utdraget frå Mannen som dog som en lax av Mikael Niemi (s. 307) der det er relevant.
  6. Gjer greie for likskapar og skilnader mellom dei nordiske språka og mellom norrønt og moderne norsk.