Nettressurs for Norskboka vg2 yrkesfag finner du på norskboka.fagbokforlaget.no | Nettressurs for Intertekst påbygging vg3 finner du på intertekst.fagbokforlaget.no

KAPITTEL
2

Vurdering av nettsider – sjekkliste

– Er innhaldet på sidene truverdig?
– Kven er forfattar? Kan du nå den ansvarlege for nettstaden via e-post?
– Kven står bak nettstaden? Kvifor er han laga
– Er det mykje reklame, eller er nettstaden fri for reklame?
– Er nettstaden privat eller offentleg?
– Er lenkjene relevante ressurssider for deg (det vil seie sedde i forhold til den oppgåva du skal jobbe med)?
– Gir lenkjene tydeleg informasjon om kvar dei fører hen?
– Når blei nettstaden sist oppdatert?

Det kan vere lurt

  • å bruke kjende portalar som utgangspunkt for søk
  • å undersøkje fleire kjelder
  • å vurdere nettadressa
  • å sjekke domenenamn og eventuelt kven som eig domenet. Det kan gjerast med Whois-tenesta for norske nettstader og Check domain for internasjonale nettstader.

Hugs å notere alle nettstader du bruker. Det skal komme klart fram i teksten din og i kjeldelista di kva kjelder du har brukt.