KAPITTEL
8
Holmliansk eller kebabnorsk? – sjå og skriv
(c) Fotofil/Eli Berge
Danny frå Holmlia i Oslo liker ikkje ordet «kebabnorsk». Han skulle gjerne ha sett at det heller blei kalla «holmliansk». Sjå filmklippet frå TV-serien «Dialektriket» på NRK.no (02:28).
Spørsmål
- Kva er hovudargumentet til Danny Boy?
- Korleis grunngir han det?
- Kjenner du eksempel frå ein slik språkkontaktbasert talestil frå ditt eige miljø / din eigen heimstad?
Skriveoppgåve
- Ta utgangspunkt i intervjuet og skriv ein kreativ tekst (kåseri eller rapp) om ungdomsspråket i ditt eige miljø.
- Skriv ein argumenterande tekst (blogg- eller avisinnlegg) om same tema. Forslag til overskrift: «Ung og stolt av språket mitt(?)» Hugs at du må ha ein bodskap i artikkelen, og set opp ei liste over argumenta dine før du begynner å skrive.