Nettressurs for Norskboka vg2 yrkesfag finner du på norskboka.fagbokforlaget.no | Nettressurs for Intertekst påbygging vg3 finner du på intertekst.fagbokforlaget.no

KAPITTEL
8

Holmliansk eller kebabnorsk? – sjå og skriv

S2 8_Gatekunst_Fotofil.no Eli Berge_0413.jpg

Danny frå Holmlia i Oslo liker ikkje ordet «kebabnorsk». Han skulle gjerne ha sett at det heller blei kalla «holmliansk». Sjå filmklippet frå TV-serien «Dialektriket» på NRK.no (02:28).

Spørsmål

  1. Kva er hovudargumentet til Danny Boy?
  2. Korleis grunngir han det?
  3. Kjenner du eksempel frå ein slik språkkontaktbasert talestil frå ditt eige miljø / din eigen heimstad?

Skriveoppgåve

  1. Ta utgangspunkt i intervjuet og skriv ein kreativ tekst (kåseri eller rapp) om ungdomsspråket i ditt eige miljø.
  2. Skriv ein argumenterande tekst (blogg- eller avisinnlegg) om same tema. Forslag til overskrift: «Ung og stolt av språket mitt(?)» Hugs at du må ha ein bodskap i artikkelen, og set opp ei liste over argumenta dine før du begynner å skrive.