KAPITTEL
5
Er dialektane i ferd med å forsvinne? – sjå og diskuter
© mediaphotos/Getty Images
Sjå klippet «Dialekten blir svakere» fra Bø i Telemark, NRK Skole (01:52).
Spørsmål
- Kjenner du til same fenomenet frå din heimstad? Nemn døme.
- Kva kan vere grunnen til at dialekttrekk forsvinn?
- Bør vi halde på dialektane? Grunngi svaret.
Oppgåve
Lag eit innføringskurs i talemål for ein ungdomsskuleklasse. Kurset skal innehalde:
- gjennomgang av sentrale omgrep
- presentasjon av ein talemålsvariant
- eigne lydopptak med døme på målmerke
Avslutt med å kommentere kva teikn du finn på at den talemålsvarianten du har undersøkt er i endring.
Bestem om kurset skal vere eit sjølvstudium på læringsplattforma for elevane eller eit foredrag i klassen. Vel eit eigna presentasjonsverktøy.