KAPITTEL
3
Presenter deg sjølv! – skriv ein søknad
På nettstaden til TT Anlegg er det ei side med skjema for å søkje jobb.
Bruk dette skjemaet, eller tilsvarande skjema for eit firma du kunne tenkje deg å jobbe i.
Tenk deg at du søkjer:
- Fyll ut skjemaet. Ta også med hobbyar eller kurs dersom du har lite formell arbeidserfaring.
- (Send inn skjemaet dersom du verkeleg vil søkje!)
- Trykk «PrintScn» over den delen der du presenterer deg sjølv, og lim inn i eit Word-dokument.
- Utveksl med ein annan elev og gi tilbakemelding til kvarandre.
- Rollespel: Gjennomfør eit jobbintervju på bakgrunn av søknaden.