Dataspel: positivt eller negativt? – diskuter og presenter
© Thomas Winje Øijord / NTB Scanpix
Les artikkelen «Gaming har mange positive sider» frå Østlandets blad og sjå nyheitsinnslaget «Avhengig av dataspill» på NRK Skole (02:44).
Spørsmål
- Kva motsette sider ved dataspel kjem fram i dei to reportasjane? Forklar.
 - Trur du spelinga gjorde at guten i NRK-klippet blei deprimert, eller trur du det er ein annan samanheng?
 - Trur du han er representativ for mange ungdommar, eller er det ein typisk «skrekkreportasje»? Greunngi svaret.
 
Diskusjonsoppgåve: Er dataspel positivt eller negativt?
Gå saman i grupper og diskuter. Pass på at alle får ordet, og at alle lyttar til kvarandre.
 De kan komme inn på desse temaa:
- gutar og jenter - kven spelar?
 - kjønnsroller og verdiar i spela
 - PC kontra personleg kontakt
 - tidsbruk / fysisk helse
 - avhengigheit
 
Munnleg presentasjon: Ungdom og dataspel
Lag ein presentasjon om dette temaet. Du kan f.eks. ta opp desse punkta:
- ulike typar spel
 - grafikk og design
 - positive og negative effektar ved å spele
 
Bruk synspunkta frå forskarane i artikkelen, men trekk òg inn dine eigne spelerfaringar.
Framfør for klassen. Omfang: ca. 15 minutt.