KAPITTEL
5
Sale eller sal? – sjå og diskuter
© Chakrapong Worathat/Dreamstime.com
Sjå videoen «Sal på engelsk» på NRK Skule (04:18).
Spørsmål
- Kvifor er «sale» betre enn «sal»? Smak på orda og forklar.
- Kva vil det seie at eit språk har prestisje? Og at norsk eventuelt blir eit privat språk? Kom med døme.
- Representanten viste til at H&M er eit internasjonalt konsern. Er det noka god «unnskulding»?
- Direktøren for Språkrådet spår at norsk skriftspråk uunngåeleg kjem til å tape i framtida. Er du einig, og kva kan eventuelt vere mottiltak?
Oppgåver
- Det skal opnast ny kaffebar på skulen, og forslag til namn er «Go latte». Del klassen i to leirar – den eine er for det engelske/italienske namnet, den andre vil heller ha eit norsk namn. Korleis vil de argumentere for synspunkta dykkar? Kva kan vere eit godt norsk namn?
- Ta for deg programmet på nærmaste treningssenter. Korleis står det til med norsken der? Gå igjennom menyen og lag ein alternativ meny på norsk.