Nettressurs for Norskboka vg2 yrkesfag finner du på norskboka.fagbokforlaget.no | Nettressurs for Intertekst påbygging vg3 finner du på intertekst.fagbokforlaget.no

KAPITTEL
3

Lag din eigen draumesesong av «Skam» – sjå og dramatiser

S3_3 Skam Arendalsuka.jpg

Under Arendalsveka laga ungdomspolitikarane sin versjon, og lot lokale skodespelarar spele.

Sjå eit av klippa, om desse temaa:

  • psykisk helse (04:00 – 06:22)
  • minoritetsungdom (10:30-11:50)
  • unisex-toalett (20:47 – 22:03)
  • eksamen før russetida (28:50-31:52)

Oppgave

Korleis ser dykkar draumesesong ut?

  1. Lag ei skisse av handlinga. Kva skjer med dei ulike karakterane i serien?
  2. Vel ein scene som blir viktig i serien og skriv manus til denne!
  3. Presenter begge oppgåvene for resten av klassen.
  4. Post ev. videoklipp eller bilete på sosiale medium – korleis vil de marknadsføre serien?

Om serien:

SKAM er ein nettdramaserie som følgjer ein gjeng i 1. klasse på Hartvig Nissen vgs i Oslo. Det er førebels sendt to sesongar av serien. Det er knytt stor spenning til sesong 3, som kjem i haust. Serien har blitt veldig populær og har tidlegare vist seg å «setje problem under debatt», f.eks. seksuelle overgrep, eteforstyrringar, vald m.m.