KAPITTEL
7
Skylappjenta – diskuter og skriv
Filmen Skylappjenta (2009) kan brukast som utgangspunkt for ein diskusjon om kulturmøte og kulturkonfliktar.
Filmen er laga av norsk-pakistanske Iram Haq og er ei moderne tolking av «Raudhette og ulven».
Før filmen:
Finn ut kva «skylappar» er for noko.
Spørsmål:
- Kva freistingar blir Skylappjenta utsett for? Kvifor er Skylappjenta heltinna i filmen? Kven er «skurkane»?
- Det står i læreboka på side 123: «Det er ikkje alltid at møte mellom ulike kulturar er like harmoniske eller like enkle». Korleis kjem dette fram i filmen?
- Finn du kritikk av innvandrertradisjoner i filmen? Korleis?
- Finn du kritikk av norske tradisjoner eller væremåter i filmen? Korleis?
- Odd Børretzen skriv i tekstsamlinga historia om «Min bestemor» (side 219). Samanlikn hans forhold til bestemor si med Skylappjentas forhold til si bestemor. Kva er likskapar og ulikskapar?
Skriveoppgåver:
Det står i læreboka på side 121: «Møtet mellom ulike kulturar har altså gått føre seg gjennom samarbeid og konflikt. Somme fryktar påverknad frå det framande. Men prosessen med auka globalisering kan likevel ingen stoppe.»
- Korleis kjem slik frykt for påverknad av det framande til uttrykk i samfunnet rundt deg? Korleis skal ein best motarbeide slik framandfrykt? Skriv ein drøftande tekst på ca. 750 ord. Bestem overskrift sjølv.
- Er det rett å dyrke tradisjonar og halde på sitt eige? Skriv ein kreativ tekst på ca. 750 ord. Bestem sjanger og overskrift sjølv.