KAPITTEL
3
Debattinnlegg: Kroppspress – skriveramme
Last ned skriveramma her:
© Igor Mojzes / Dreamstime.com
Prinsipp: Femavsnittsmetoden
- Innleiing
- For det første
- For det andre
- For det tredje
- Avslutning/konklusjon
OPPGÅVE: Kroppspress
Innleiing
Dagens samfunn er så utruleg fokusert på korleis folk ser ut!
(Vel det eller dei punkta nedanfor som passar for deg)
- Nettsider, aviser, film og TV viser stort sett vakre, tynne, perfekte menneske, og det …
- Alle medium er fulle av råd om sunn mat og kor viktig det er å trene, noko som fører til …
- Det verkar som om det viktigaste i livet er kroppen, ikkje det som er inni, og då tenkjer eg på …
For det første
Eg synest det er sjukt at alt skal dreie seg om utsjånad.
(Vel det eller dei punkta nedanfor som passar for deg)
- På grunn av fokuset på utsjånad gløymer vi kva kroppen vår skal brukast til, nemleg …
- Eg er ikkje berre den kroppen andre ser, eg er mykje meir …
- Kvifor skal alle vere like?
- Er det så sikkert at tynne menneske er penare enn dei med meir former?
- Kven er det som definerer kva som er vakkert?
- Klesindustrien, modellbransjen, treningsstudio og andre blir søkkrike på at …
For det andre
Eg føler meg sjuk fordi alt dreier seg om utsjånad.
(Vel det eller dei punkta nedanfor som passar for deg)
- For tida føler eg meg aldri bra nok fordi …
- Eg blir så opphengt i all reklamen for alt som skal få meg til å gå ned i vekt …
- Alle treningsråda i media får meg til å føle meg heilt elendig fordi …
- Eg anklagar alle vaksne som står bak dette presset …
For det tredje
Eg vil at vi unge skal ta makta over kroppen vår tilbake!
(Vel det eller dei punkta nedanfor som passar for deg eller finn på noko sjølv)
- Eg vil sjå positivt på meg sjølv når …
- Eg vil rose andre og gi komplimentar om …
- Vi må lære kvarandre å fokusere på det positive ved oss sjølve …
- Vi må flytte fokuset frå alt det ytre til …
- Vi må lære å sjå kvarandre på ein ny måte …
Avslutning
Ein god kvardag er ein kvardag fylt av forståing, aksept og kjærleik.
(Vel det eller dei punkta nedanfor som passar for deg eller finn på noko sjølv)
- Eg vil vise andre at eg bryr meg, uansett …
- Det skal ikkje vere kroppsfasong, utsjånad, farge, religion eller legning som bestemmer …
- Vi må møte kvarandre med openheit og venlegheit fordi …
- Vi må våge å snakke om alt det som er vanskeleg fordi …
- Kjære alle der ute, hjelp meg å forandre verda!