Nettressurs for Norskboka vg2 yrkesfag finner du på norskboka.fagbokforlaget.no | Nettressurs for Intertekst påbygging vg3 finner du på intertekst.fagbokforlaget.no

KAPITTEL
3

Debattinnlegg: Kroppspress – skriveramme

Last ned skriveramma her:


S1_3_Debattinnlegg_Igor Mojzes_dreamstime_s_30947003.jpg

Prinsipp: Femavsnittsmetoden

  1. Innleiing
  2. For det første
  3. For det andre
  4. For det tredje
  5. Avslutning/konklusjon

OPPGÅVE: Kroppspress


Innleiing

Dagens samfunn er så utruleg fokusert på korleis folk ser ut!

(Vel det eller dei punkta nedanfor som passar for deg)

  • Nettsider, aviser, film og TV viser stort sett vakre, tynne, perfekte menneske, og det …
  • Alle medium er fulle av råd om sunn mat og kor viktig det er å trene, noko som fører til …
  • Det verkar som om det viktigaste i livet er kroppen, ikkje det som er inni, og då tenkjer eg på …

For det første

Eg synest det er sjukt at alt skal dreie seg om utsjånad.

(Vel det eller dei punkta nedanfor som passar for deg)

  • På grunn av fokuset på utsjånad gløymer vi kva kroppen vår skal brukast til, nemleg …
  • Eg er ikkje berre den kroppen andre ser, eg er mykje meir …
  • Kvifor skal alle vere like?
  • Er det så sikkert at tynne menneske er penare enn dei med meir former?
  • Kven er det som definerer kva som er vakkert?
  • Klesindustrien, modellbransjen, treningsstudio og andre blir søkkrike på at …

For det andre

Eg føler meg sjuk fordi alt dreier seg om utsjånad.

(Vel det eller dei punkta nedanfor som passar for deg)

  • For tida føler eg meg aldri bra nok fordi …
  • Eg blir så opphengt i all reklamen for alt som skal få meg til å gå ned i vekt …
  • Alle treningsråda i media får meg til å føle meg heilt elendig fordi …
  • Eg anklagar alle vaksne som står bak dette presset …

For det tredje

Eg vil at vi unge skal ta makta over kroppen vår tilbake!

(Vel det eller dei punkta nedanfor som passar for deg eller finn på noko sjølv)

  • Eg vil sjå positivt på meg sjølv når …
  • Eg vil rose andre og gi komplimentar om …
  • Vi må lære kvarandre å fokusere på det positive ved oss sjølve …
  • Vi må flytte fokuset frå alt det ytre til …
  • Vi må lære å sjå kvarandre på ein ny måte …

Avslutning

Ein god kvardag er ein kvardag fylt av forståing, aksept og kjærleik.

(Vel det eller dei punkta nedanfor som passar for deg eller finn på noko sjølv)

  • Eg vil vise andre at eg bryr meg, uansett …
  • Det skal ikkje vere kroppsfasong, utsjånad, farge, religion eller legning som bestemmer …
  • Vi må møte kvarandre med openheit og venlegheit fordi …
  • Vi må våge å snakke om alt det som er vanskeleg fordi …
  • Kjære alle der ute, hjelp meg å forandre verda!