Nettressurs for Norskboka vg2 yrkesfag finner du på norskboka.fagbokforlaget.no | Nettressurs for Intertekst påbygging vg3 finner du på intertekst.fagbokforlaget.no

KAPITTEL
8

Skjønnlitterært program – gruppearbeid

De skal plukke ut minst to ulike tekstar, binde dei saman til ein heilskapleg presentasjon og framføre denne.

Arbeidsform

  1. Gå saman i grupper som samarbeider om oppgåva.
  2. Først må de velje ut tekstar. Tekstane kan, men treng ikkje tilhøyre same periode. Det viktige er at dei har noko som knyter dei saman, det kan for eksempel vere at dei handlar om det same temaet/motivet.
  3. De vel sjølve korleis programmet skal framførast: opplesing, song, dans, dramatisering, høyrespel, dokketeater, biletserie … De må gjerne kombinere fleire ulike presentasjonsformer, men det er eit krav at de skal gjennomføre munnleg aktivitet.
  4. Programmet skal vare maksimum 20 minutt.
  5. Når framføringa av programmet er avslutta, skal de gi ei munnleg forklaring som grunngir tekstutvalet og heilskapen i detår framføringa av programmet er avslutta, skal de gi ei munnleg forklaring som grunngir tekstutvalet og heilskapen i det.

Vurdering

Det skal setjast éin gruppekarakter i norsk munnleg. Karakteren vil byggje på desse kriteria:

  • Dei utvalde tekstane har ein klar samanheng.
  • Presentasjonen viser at de har ei god forståing av tekstane.
  • Presentasjonen viser at de har arbeidd med tekstane og vore kreative.
  • De bruker lydlege og visuelle effektar.
  • Programmet har ei tydeleg opning og avslutning og heng godt saman.
  • De har fordelt arbeidet på gruppa.
S3 Litteratur Skjønnlitterært program_s.jpg