KAPITTEL
3
Kven er ytringsfridommen til for? – les og skriv
Profilbilde frå Twitter
I juni 2015 stod Ubaydullah Hussain tiltalt for truslar og oppfordring til terror, men han blei frikjend. I samband med rettssaka skreiv Joacim Lund ein kommentar i Aftenposten 23.06.2015.
Les kommentaren av Joacim Lund.
Spørsmål
- Gi kort att hovudsynspunkta i artikkelen.
- «Ekstreme organisasjonar som Profetens Ummah, Pegida eller SIAN (Stopp islamiseringen av Norge) bør få ytringsfriheten begrenset.» Gjer eit søk på nettet, og finn ut kva desse organisasjonane står for. På kva måte utfordrar dei ytringsfridommen?
Skriveoppgåve
Ta utgangspunkt i artikkelen og skriv dine eigne tankar om kvar grensene for ytringsfridom bør gå.
Form teksten som eit sakleg blogginnlegg, og vurder argument både for og imot.