Søknad – eksempeltekst
Jon Magne Steinsund
3480 Strandvik 6.04.2014
Viken restaurant
3480 Strandvik
Søknad på stilling som restaurantmedarbeidar deltid
Eg fann stillingsannonsen på nettsidene dykkar, og ønskjer å søkje jobben som restaurantmedarbeidar hos dykk. Eg viser også til telefonsamtale med kjøkkensjef Per Stien i samband med dette.
Namnet mitt er Jon Magne Steinsund, og eg fyller 18 år om to veker.
Det er fleire grunnar til at eg ønskjer å jobbe hos dykk. Først av alt trur eg ein jobb i restauranten dykkar vil gi meg spennande utfordringar og sjanse til å utvikle meg. Eg har alltid likt matlaging, og etter å ha gått eitt år på restaurant og matfag har eg fått endå meir innblikk i dette yrket. Eg trivst med å møte nye menneske, og trur eg vil ha mye positivt å bidra med både når det gjeld kundebehandling og det å skape eit hyggeleg arbeidsmiljø.
I løpet av førre skuleåret var eg utplassert fleire veker på Finns vegkro. Eg fekk ein allsidig erfaring frå både arbeid på kjøkkenet og i serveringa, noko eg trur kan komme til nytte på Viken restaurant. Ikkje minst lærte eg mykje om å halde orden og å behandle kundar. Eg snakkar bra engelsk, og kan også gjere meg forstått på tysk.
Sidan eg går Vg2 kokk og servitør i år, passar det veldig greitt at jobben er på kveldstid og i helgene. Eg kan derfor begynne å jobbe med ein gong. På dagtid kan de nå meg på telefon 000000, og eg stiller gjerne til intervju når det passar for dykk.
Eg håper på positivt svar!
Med vennleg helsing
Jon Magne Steinsund
CV er vedlagd
(frå s. 99 i boka)