KAPITTEL
				
				3
			Drøftande tekst: Ungdom og dataspel – skriveramme
Last ned skriveramma her:
© Eli Berge/Fotofil
Prinsipp: Femavsnittsmetoden
- Innleiing
 - Positive sider
 - Negative sider
 - Drøfting
 - Avslutning/konklusjon
 
OPPGÅVE: Drøft positive og negative sider ved bruk av dataspel hos ungdom
Skriveramma byggjer på eksempelet i Signatur 1 s. 56.
Innleiing
Mange ungdommar bruker mykje av fritida si på å spele dataspel.
(Utdjuping: Vel det eller dei punkta nedanfor som passar for deg eller finn på noko sjølv)
- Nemn nokre populære spel.
 - Si noko om deg sjølv og dataspel.
 - Fortel om venner som speler.
 - Fortel litt om eitt eller to av spela du har spelt.
 
Første avsnitt (positive sider)
Det finst mange positive sider ved å spele dataspel.
(Utdjuping: Vel det eller dei punkta nedanfor som passar for deg eller finn på noko sjølv)
- Spela kan gi både spenning og avkopling frå kvardagen fordi …
 - Ein kan lære mykje av mange av dataspela, til dømes …
 - Spela kan auke reaksjonsevne og hurtigheit, til dømes …
 - Nokre spel kan brukast til å auke motoriske ferdigheiter, til dømes …
 - Det kan vere sosialt å spele dersom ein speler med eller mot andre, til dømes …
 
Andre avsnitt (negative sider)
Men dei fleste meiner at det òg er mykje negativt og jamvel farleg ved dataspel.
(Utdjuping: Vel det eller dei punkta nedanfor som passar for deg eller finn på noko sjølv)
- Somme meiner at vald i spel kan føre til vald i verkelegheita. (Eksempel?)
 - Å bruke for mykje tid på spel kan gi dårlegare kondisjon og helse, fordi …
 - Dersom ein sit mykje åleine og speler, kan ein få mindre kontakt med venner.
 - Dataspel der pengar er involvert, kan gjere at ein får dårlig økonomi. (Eksempel?)
 - Ein kan bli spelavhengig. (Utdjup)
 
Tredje avsnitt (drøfting)
Ungdom og dataspel er eit viktig tema.
(Utdjuping: Vel det eller dei punkta nedanfor som passar for deg eller finn på noko sjølv)
- Mange unge bruker mykje tid på å spele, og derfor er det viktig å kjenne til konsekvensane av dette.
 - Det har mykje å si kva spel ein spel, somme er heilt uskuldige, mens andre kan vere svært grove eller valdelege.
 - Dersom ein deler interessa med andre og deltek normalt i det sosiale livet, kan speling vere ein fin hobby.
 - Dersom spelinga tek overhand og ein blir einsam eller blakk, kan det bli farleg.
 
Avslutning/konklusjon
Slik eg ser det kan dataspel vere ein morosam, engasjerande og lærerik hobby. Det gjeld berre å vere merksam på faresignala.
(Utdjuping: Vel det eller dei punkta nedanfor som passar for deg eller finn på noko sjølv)
- Du kan lære mykje av spela, til dømes språk eller matematikk
 - Det er gøy og sosialt å spele saman med andre.
 - For å unngå dei uheldige sidene ved dataspel bør foreldra kjenne til innhald og tidsbruk hos ungdommane sine.
 - Ekspertar på dataspel bør spreie kunnskap om både positive og negative sider ved dette i ulike typar medium.