Søknad – eksempeltekst
Janne Svendsen
Eplevegen 24
3405 STRANDVIK 12.03.2013
Sportshuset A/S
v/Eva Strømmen
Postboks 345
3564 MOEN
SØKNAD PÅ STILLING SOM EKSTRAHJELP I BUTIKK
Eg viser til annonsen i Strandposten 10.03.2013 og søkjer med dette stillinga som ekstrahjelp i butikk.
Eg er ei 17 år gammal jente som går første året på Moen vidaregåande skule. Studievalet mitt er service og samferdsel, og eg ønskjer å arbeide i butikk i framtida. Dette er derfor ein jobb som er midt i blinken for meg, sidan eg kan gå på skule og få jobberfaring samtidig.
Eg har tidlegare hatt sommerjobb på Strandvik bensinstasjon, og har derfor ein del erfaring med å ekspedere kundar. Eg ser på meg sjølv som utettervend og serviceinnstilt, og eg liker å treffe nye menneske. Stort sett er eg i godt humør, og eg samarbeider godt med andre.
Å arbeide i ein sportsbutikk verkar interessant og spennande. Eg spelar handball, og om vinteren står eg på snøbrett. Eg har derfor ein del kunnskap om sportsutstyr og treningstøy frå før, men vil gjerne lære meir om dette.
Vedlagt finn de CV-en min. Referanse er dagleg leiar ved Strandvik bensinstasjon, Ole Vika, tlf. 77 88 99 00.
Eg ser fram til å høyre fra dykk og møter gjerne til intervju.
Med vennleg helsing
Janne Svendsen
Vedlagt CV
(Frå s. 47 i boka)