KAPITTEL
3
Argumenterande tekst: Digital mobbing – skriveramme
Last ned skriveramma her:
© Eli Berge/Fotofil
Prinsipp: Femavsnittsmetoden
- Innleiing
- For det første
- For det andre
- For det tredje
- Avslutning/konklusjon
OPPGÅVE: Digital mobbing
Innleiing
Digital mobbing blant barn og unge er blitt eit samfunnsproblem i Noreg.
(Utdjuping: Vel det eller dei punkta nedanfor som passar for deg eller finn på noko sjølv)
- Mange unge har stått fram i aviser og andre medium det siste året og fortalt om …
- På den skulen eg går …
- Eg har sjølv opplevd at …
- Ein venn av meg fortalde at …
For det første
Mobbing på nett er svært sårande, og det kan øydeleggje sjølvtilliten til den det går ut over.
(Utdjuping: Vel det eller dei punkta nedanfor som passar for deg eller finn på noko sjølv)
- Barn og unge er sårbare og derfor …
- Å bli utsett for mobbing, både på nett og reint fysisk, kan gjere at du føler deg mindre verdifull fordi …
For det andre
Digital mobbing kan føre til psykiske skader som offera kan slite med i mange år.
(Utdjuping: Vel det eller dei punkta nedanfor som passar for deg eller finn på noko sjølv)
- Forsking viser at digital mobbing kan føre til …
- Dei ungdommane som har stått fram fortel at …
- Skadane som oppstår …
For det tredje
Openheit og diskusjon om digital mobbing er svært viktig for å stoppe mobbinga fordi …
(Utdjuping: Vel det eller dei punkta nedanfor som passar for deg eller finn på noko sjølv)
- Bevisstgjering om problemet er første steg, for då …
- I det siste er det komme fram at mobbing på nett er straffbart og at …
- Foreldre, lærarar, og ikkje minst ungdommane sjølve, har ansvar for at …
- Berre ved å snakke om det kan vi …
Avslutning
Digital mobbing må stoppast!
(Utdjuping: Vel det eller dei punkta nedanfor som passar for deg eller finn på noko sjølv)
- Alle har eit ansvar for å stoppe mobbing på nett fordi …
- Mobbarane bør straffast, for då …
- Skulen bør melde til politiet dersom det blir oppdaga at …
- Ver ein venn, ikkje ein som …