Nettressurs for Norskboka vg2 yrkesfag finner du på norskboka.fagbokforlaget.no | Nettressurs for Intertekst påbygging vg3 finner du på intertekst.fagbokforlaget.no

KAPITTEL
2

«Nattvindauge» (novelle) – skriveramme

Novella er skriven av Frode Grytten og står på s. 290 i Signatur 3 tekstsamling.

Last ned skriveramma her:


Innleiing

S3.2_Frode Grytten.jpg

Presenter novella kort med tittel, forfattar, utgivingsår og samling. Gi ei kort skrildring av kva novella handlar om. (Stikkord: nyttårsafta, fest, vakne)


Personar

Gjer kort greie for dei viktigaste personane i novella:

Hovudpersonen er ...

Andre viktige personar er ...


Miljøet

Når og kor går handlinga i novella føre seg? (Tidsrom, årstid, ute/inne) Beskriv korleis staden er. (Kaldt, varmt, natt, dag, skummelt, rart, trygt …)

Handlinga i novella får føre seg ...


Synsvinkel

Kven sin synsvinkel følgjer vi gjennom novella? Kven sine tankar får vi vite noko om? Kva effekt har det på historia at denne synsvinkelen er valt?

Vi ser det som skjer i novella gjennom augo til ... Ved å gjere dette, skjønar vi at ...


Stemning

Kva stemning er det i novella? Forklar kva denne stemninga betyr for handlinga, og kva ord som er brukte for å skape denne stemnminga.

Stemninga i novella er ...

Ord som ... får fram denne stemninga.

Korleis blir festen skildra, og korleis oppelver Nina moras oppførsel?

Nina opplever festen som ...


Oppbygning

Samtalen mellom Nina og mora kan seiast å vere eit høgdepunkt i forteljinga. Korleis tolkar du samtalen mellom dei?

Mora prøver å roe Nina og leggje henne igjen ...

Finst det andre høgdepunkt eller viktige augneblinkar i novella? Beskriv dei og kvifor du meiner dei er viktige.

Andre viktige augneblinkar er ...


Metaforar

Metaforen «maske» går igjen fleire gonger (Jeltsin og Cinton, Spice Girls). På kva måte kan vi seie at episodane med masker og utkleding heng saman med handlinga i novella?

Maskene betyr at nokon ikkje er seg sjølv. Dette er viktig for handlinga i novella fordi ...

Det er òg andre element i novella som kan tolkast som metaforar som underbyggjer det som skjer i handlinga: Rakettar gjer rommet til Nina heilt annleis ein augneblink. Snøen legg seg over alt og får landskapet utanfor til å sjå annleis ut. Stemmen til mora «breier seg over Nina».

Forfattaren bruker fleire metaforar ... Døme på det er ...  Det gjer at ...


Tema

Kva er temaet i novella? Grunngi kvifor du meiner dette. Korleis opplever du siste setning i novella, gir det tryggleik eller usikkerheit? Kommenter òg tittelen.

Eg meiner at temaet i novella er ... sidan/fordi ...

Eg tolkar den siste setninga som at …

Novella heiter «Nattvinduage». Når Nina står ved vindauget, tenkjer ho at ho kan sveve ut i natta. Eg tolkar dette som at …